Kva kan ein forvente av foredraget?

Dan Gøran (48) har opplevd meir enn dei fleste – i alle fall når det gjeld opplevingar dei fleste ville ha vore forutan.

Gjennom sitt foredrag tek han for seg oppturar og nedturar i livet sitt. Han fortel om oppveksten som ein rastlaus og uroleg ungdom frå Naustdal, som stort sett levde livet sitt utan mål og meining. Og om vegen fram til geværsoldat og mineryddar, til likhusspesialist i internasjonale operasjonar.

I foredraget fortel han ærleg om vala han tok i vanskelege periodar i livet, og ikkje minst kor brutalt livet kan vere. Kva skjer med eit menneske som opplever krig og død på nært hald over lengre periodar?

Etter sin siste tur som mineryddar i 2002 kjende han at noko var galt, utan å heilt eksakt vite kva det var. Han hamna i krig med seg sjølv. Ein krig mot indre demonar. Den personlege fasaden fekk ein alvorleg brist. Dan – den tøffe soldaten – var skadd, men ikkje fysisk. Han kjempa for å behalde maska, for ingen skulle sjå at den barske mineryddaren kunne slite, vere sårbar eller ha psykiske problem. Frå utsida såg det meste ut til å vere i orden. På innsida av mannen var det mørkt og kaotisk. Til slutt vart det for mykje for Dan, og etter mange mørke år tok han endeleg imot den hjelpa han hadde behov for.

I 2019 fekk han stilt diagnosen PTSD (posttraumatisk stressliding) av ein psykiater. Dan Gøran er ærleg på at PTSD kan by på tøffe dagar for han. I foredraget sitt set han fokus på kva som er viktig for han for å kunne meistre kvardagen med denne diagnosen.

Foredraget kan tilpassast ulike grupper.

FOR BEDRIFT
Det er viktig å poengtere at det i Dan Gøran sitt foredrag vil bli vist bilete frå tida som soldat, mineryddar og likhusspesialist, og nokre av desse kan skape sterke inntrykk hos tilhøyrarane. Dette vil bli opplyst om i forkant av foredraget. Dan Gøran tilpassar foredraget etter ønskje frå bedrifter. Foredraget som Dan Gøran held til skular har mest fokus på psykisk helse. Bedriftsforedraget kan om ønskjeleg, ha meir fokus på den spennande livshistoria til Dan Gøran.

 

FOR SKULE
I foredraget sitt vil han gje ungdom råd, utfordre dei og få dei til å reflektere over kva konsekvensar vala ein tek i tidleg ungdom har å bety for ein seinare i livet.

Det er viktig å poengtere at det i Dan Gøran sitt foredrag vil bli vist bilete frå tida som soldat, mineryddar og likhusspesialist, og nokre av desse kan skape sterke inntrykk hos tilhøyrarane. Dette vil bli opplyst om i forkant av foredraget. Derfor blir det oppmoda til at spesielt skulane førebur ungdomane på dette, og at eit støtteapparat er tilgjengeleg, dersom ungdomane skulle ha behov for oppfølging og samtale i etterkant av foredraget.

Foredraget varer i ca ein time.

Dan Gøran var ein rastlaus ungdom, som jakta stadig tøffare eventyr

Dan Gøran var ein rastlaus ungdom, som jakta stadig tøffare eventyr

I dag er Dan Gøran sambuer med Camilla Søvig. Saman har dei borna Elias , Selma og Sofie.

I dag er Dan Gøran sambuer med Camilla Søvig. Saman har dei borna Elias , Selma og Sofie.

SAGT OM FOREDRAGET:

«Balanserende på livets knivsegg er valgene vi tar avgjørende for hvor vi går, hvem vi skal bli og hvordan livet vil utvikle oss. Og selv om vi aldri helt sikkert kan vite eksakt hvilke hendelser som blir utslagsgivende for vår fremtid, er det likevel enkelt å bruke de som forklaringer på hvorfor livet tok de vendingene det gjorde.   

Fortellingen til Dan Gøran begynner med historien om ung rastløshet i en vanskelig livsfase; men fortsetter med valg og tilfeldigheter som snudde opp- ned på alt. Fra en oppvekst i bygde- Norge, via påkjøringsrampen til kriminalitet og deretter militære høyrisiko- oppdrag, før han returnerte til et liv som heller ikke ble helt A4.  

Formidlet med en nærhet og ærlighet som mange kan lære av, byr Dan Gøran på en sterk historie inneholdende mer spenning og variasjon enn det vi andre kan drømme om. Her får vi se hvordan valg og tilfeldigheter får konsekvenser som leder til livets opp- og nedturer. Formidlet med en nærhet og ærlighet mange kan lære av.»

Stian Bøhmer, politioverbetjent