No kan du booke foredraget Mitt Liv - Med Dan Gøran Espedal

Dan Gøran (48) har opplevd meir enn dei fleste – i alle fall når det gjeld opplevingar dei fleste ville ha vore forutan.

Gjennom sitt foredrag tek han for seg oppturar og nedturar i livet sitt. Han fortel om oppveksten som ein rastlaus og uroleg ungdom frå Naustdal, som stort sett levde livet sitt utan mål og meining. Og om vegen fram til geværsoldat og mineryddar, til likhusspesialist i internasjonale operasjonar.

I foredraget fortel han ærleg om vala han tok i vanskelege periodar i livet, og ikkje minst kor brutalt livet kan vere. Kva skjer med eit menneske som opplever krig og død på nært hald over lengre periodar?

Du kan booke foredraget på kontakt@casto.no